Ho kjem frå stillinga som avdelingsleiar/ fagleg leiar for Vestnorsk Utvandringssenter, og har lang og brei erfaring innan prosjektleiing og formidling.
Når noverande festivalleiar Tormod Kleiveland no har valt å gå vidare til nye arbeidsoppgåver i Festspillene i Bergen, er Ole Bull Akademiet glad for at vi fekk mange gode søkjarar til festivalleiarstillinga, seier rektor ved Ole Bull Akademiet, Jo Asgeir Lie.
Heierland har lang røynsle i formidling og nettverksbygging, og utvikling av både formidlingsmåtar og nye konsertarenaer vil bli sentrale oppgåver for den nye festivalleiaren, seier Lie.
Osafestivalen står sterkt som merkevare, og festivalen har i over 25 år gjeve publikum unike møte i skjeringspunktet mellom klassisk musikk og folkemusikk. Denne profilen vil festivalen utvikle vidare i åra som kjem.
Ole Bull Akademiet er glade for å ha fått ein så kompetent festivalleiar til Osafesitvalen, og vi er viss på at Ida Dyrkorn Heierland er den rette til å utvikle festivalen vidare i tida framover, seier Jo Asgeir Lie.
Ho tek til i stillinga 1. november 2018.