Meny
 

Bachelorstudium i tradisjonsmusikk

Bachelorstudium i tradisjonsmusikk
Bachelorstudium i tradisjonsmusikk

Det utøvande bachelorstudiet på Ole Bull Akademiet / Griegakademiet utdannar folkemusikarar på høgt nivå, både solistisk og med tanke på variert musikalsk samarbeid.

Det fireårige utøvarstudiet i tradisjonsmusikk er ei studieretning innafor Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet - Institutt for musikk, Universitetet i Bergen. Fullt studium gir 240 studiepoeng og bachelorgrad ved UiB. Det meste av undervisninga skjer på Ole Bull Akademiet på Voss, men noko kan bli lagt til Bergen.

Det er årleg opptak til studiet. Søknadsfrist for studiestart hausten 2018: 15. desember 2017. Det er no opna for søknad på soknadsweb.uib.no.

Opptakskrav: Generell studiekompetanse og greidd opptaksprøve. Søknaden skal innehalde ei liste over folkemusikkrepertoar (instrumentalistar: 90 minutt repertoar, songarar: 60 minutt). På opptaksprøva i veke 10 skal det framførast 5 nummer frå lista – 3 etter eige val, og 2 som komiteen vel ut. Prøva inneheld også eit intervju om motivasjon og bakgrunn.

Ta gjerne kontakt med oss på telefon 56 51 65 00 eller e-post oba@olebull.no om du har spørsmål om opptak, eller om studiet.

 

Tradisjonsmusikk er eit heiltidsstudium (240 studiepoeng), i to avdelingar:

Tradisjonsmusikk I

1. og 2. studieår. Vart etablert som 2-årig studium ("Spelemannsskulen") i 1996, og etter kvart utbygd med tilbod for både kveding og andre instrument enn fele og hardingfele. Studiet er tufta på den tradisjonelle opplæringa i folkemusikken, med individuell undervisning hjå ein eller fleire tradisjonsberarar som viktigaste del. I tillegg er det studiesamlingar på Ole Bull Akademiet på Voss ca. ei veke i månaden, der ein kan overnatte på Akademiet til rabattert pris. Etter søknad og tilleggsprøve er det høve til å velje emnegruppe i hardingfelebygging frå 2. studieår.

Tradisjonsmusikk II

3. og 4. studieår. Fullført eksamen vil gje ein bachelorgrad ved Universitetet i Bergen. Det er høve til å velje større vekt på samspel og arrangering, eller vidare fordjuping i solistisk utøving. Det er òg andre valemne. Studentar som har valt emnegruppe i hardingfelebygging frå 2. studieår, held fram med desse emna (må takast samla).

Studentar som alt har 2-årig høgre folkemusikkutdanning med utøving kan søkja om innpassing for å starte direkte på 3. år. Søk på soknadsweb.uib.no (sjå ovanfor), og skriv på følgeskjemaet at søknaden gjeld innpassing. På opptaksprøve skal slike søkjarar framføre eit musikkprogram på 20 minutt.

HARDINGFELEBYGGING - VALEMNE

Innafor bachelorstudiet i tradisjonsmusikk er det mogleg å ta valemne i hardingfelebygging frå andre studieår. Dei 3 siste studieåra vil desse valfaga utgjere halve studiet, 30 studiepoeng kvart av åra. For å kunne ta valemna i felebygging skal studenten gjennom eit innlevert arbeid (instrument eller trearbeid) ha vist gode evner for felebyggjarfaget. Det første studieåret er det høve til å få ei uformell innføring i faget hjå felemakaren på Ole Bull Akademiet. Fullført studieløp vil gjere studenten i stand til å spesialisere seg vidare i felebygging på høgt nivå.

Frå øyra til øyra, streng til streng,
frå strupe til strupe

Kontaktinfomasjon

  • Strengjarhaugen 6, 5700 Voss
  • Telefon: 56 51 65 00
  • Fax: 56 51 48 63

Postadresse

  • Ole Bull Akademiet
  • Postboks 443
  • 5703 Voss
Våre samarbeidspartnare:
Voss Kommune
Griegakademiet - Institutt for musikk
Kulturdepartementet
Hordaland Fylkeskommune