Meny
 

Informasjon kursveker

Stiftelsen Ole Bull Akademiet
Stiftelsen Ole Bull Akademiet, Strengjarhaugen 6, 5700 Voss

Praktisk informasjon til studentar på kurs ved OBA.

Opphald

På Ole Bull Akademiet vil du bu på to- eller tresengsrom på internatet.  Kvart rom har eige bad og er utstyrt med sengekle og handkle (1 skifte onsdag). Innkvarteringsliste vert sendt frå OBA i førekant. Lista skal returnerast i utfylt stand seinast måndag i veka før.

Det er diverre ikkje tillate med hund på internatet.

For dei som kjem med bil til akademiet, er det berre parkering m/parkeringsautomat (kr 40,- per døgn/kr 15,- per time - OBS! Aktive parkeringsvakter)

Mat

Du betalar for 3 måltid: frukost, lunsj(matpakke) og middag. I tillegg blir det servert enkel kveldsmat måndag, tysdag og torsdag.

Har du gluten- eller laktoseintoleranse, evt vegetarianar, må me få beskjed om det på førehand.

Dei som leverer maten har diverre IKKJE mulegheit til å servera anna spesialmat.

Ver og føre

Voss kan ofte ha variert ver i løpet av ei veke. Ta med nokre gode varme klede, regnklede og gode utesko. Vi skal ha ei omvising i nokre gamle hus på eit museum der det er ganske kaldt.

Danseundervisning

Det blir ein god del dans i løpet av veka på Voss. Ta med gode sko å danse i, innesko med glatt såle og ikkje for høge hælar.  (NB! Ikkje slike som gir svarte merke på golvet). Du blir varm i dansetimane, så du treng sikkert nokre ekstra T-skjorter, evt. trengingskle. Det er 5-6 danseøkter i løpet av veka.

Huskonsert

Torsdagskvelden under kurset har vi ein avslutningskveld kalla kveldssete.

Starten på kvelden er ein huskonsert der studentane framfører sin musikk for kvarandre. Ta med deg instrument og notar om du treng det til denne konserten.

Øvingsrom

Det er fleire øvingspiano på huset, to av desse av god kvalitet (eitt akustisk og eitt elektronisk). Konsertflygelet kan ikkje nyttast til øving.

Ole Bull Akademiet har eigen resepsjon der du betalar din del av opphaldskostnadene under veka som er kr 2.200,- .          

Vi har kortautomat.

NB! INNKVARTERING PÅ OLE BULL AKADEMIET KAN FØRST SKJE ETTER KL. 21.00 SUNDAG KVELD. FOR STUDENTAR FRÅ BERGEN KAN INNKVARTERING FØRST SKJE ETTER KL. 07.30 MÅNDAG MORGON. 

KURSET VERT AVSLUTTA FREDAG KL 12:00.

Butikk

Vi har eigen butikk med div. artiklar for sal; CD, folkemusikklitteratur, hardingfelestrenger, feleskrin m.m.

Seljefløyte (f) (Magnar Storbekken) kr 360,-

Munnharpe kr 350,-

Kontaktadresser

Telefonnummeret til Ole Bull Akademiet er 56 51 65 00.  E-postadresse: oba@olebull.no  Kontaktpersonar er Sissel Lie eller Jo Asgeir Lie.

Timeplan ligg ute på våre heimesider – www.olebull.no

 

Vi vonar du får ei hyggeleg og lærerik veke på Voss!

VEL MØTT!

Beste helsing

Ole Bull Akademiet

Frå øyra til øyra, streng til streng,
frå strupe til strupe

Kontaktinfomasjon

  • Strengjarhaugen 6, 5700 Voss
  • Telefon: 56 51 65 00
  • Fax: 56 51 48 63

Postadresse

  • Ole Bull Akademiet
  • Postboks 443
  • 5703 Voss
Våre samarbeidspartnare:
Voss Kommune
Griegakademiet - Institutt for musikk
Kulturdepartementet
Hordaland Fylkeskommune