Meny
 

Nordisk masterstudium i folkemusikk

Nordisk masterstudium i folkemusikk
Nordisk masterstudium i folkemusikk

Neste opptak: Studiestart hausten 2019. Opptak annakvart år. Studiet er eit samarbeid mellom Ole Bull Akademiet / Griegakademiet, Sibelius-Akademin (FI), Syddansk Musikkonservatorium (DK) og Kungliga Musikhögskolan (SE), og studentane får ein periode ved kvar institusjon.

Søk på UiB sin søknadsweb.

Meir info om søknadsprosessen o.a. her

Information in English: See http://www.nofomaster.net/ or contact Håkon Asheim <haakon@olebull.no>

Ole Bull Akademiet har tilbod om 2-årig mastergradsstudium med nordisk profil.
Her kan du kome til eit nytt nordisk land kvart semester som folkemusikkstudent! Du får utvikla di eiga tradisjonsutøving, blir kjend med dei nordiske tradisjonane og miljøa, får undervisning på høgt nivå, og spennande musikalsk samarbeid i ei gruppe studentar frå alle landa.

I Noreg er masterstudiet i nordisk folkemusikk ei studieretning innafor Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet - Institutt for musikk, Universitetet i Bergen. Samarbeidspartnarar er Sibelius-Akademin (Helsinki), Syddansk Musikkonservatorium (Esbjerg) og Kungliga Musikhögskolan (Stockholm). Dei starta opp det fellesnordiske studiet ”Nordic Master in Folk Music” i 2007, og Ole Bull Akademiet/Griegakademiet kom inn i samarbeidet frå 2009.  Ei full studentgruppe vil vere på 2 studentar frå kvart land, som vil gå i samla gruppe eitt semester i Sverige, eitt i Danmark og eitt i Finland. I siste semester kjem gruppa til OBA på Voss, der studentane vil ha fellesundervisninga konsentrert på ca 1 1/2 månad, i tillegg til oppfølgjing ved heiminstitusjonen resten av semesteret.

Med dette studiet vil du ikkje bli spesialist på alle danske, finske, svenske og norske folkemusikktradisjonar, men du vil få ei praktisk og teoretisk innsikt i ymse nordiske tradisjonar som du vil kunne nytte på ein fruktbar måte i di eiga musikkutøving. Studiet vil gi deg kontaktar og unike høve til å jobbe i heile det nordiske området. Du vil møte nokre av dei beste utøvarane og lærarane i kvart land. I ensemblespelet blir det lagt vekt på korleis ulike lokale musikktradisjonar kan nyttast i samspelet slik at kvalitetane i musikken kjem til sin rett i ein ny samanheng. Avsluttande eksamen vil vere ein felles konsertproduksjon som vert framført i alle fire land.

Kjernen i studiet er utøving på hovudinstrument, der du vil få ein lærar ved kvar institusjon og ein hovudlærar ved institusjonen du søkjer til. Programmet inneheld også ensemblespel, folkemusikkteori og -analyse, komposisjon/arrangering, ei seminarrekke der du møter framståande nordiske folkemusikarar, kurs i kunstnarleg utviklingsarbeid, og musikkproduksjon/-formidling i eit nordisk perspektiv. Utover dette er det rom for dine eigne val av kursemne.

Opptakskrav er bachelorgrad i folkemusikk frå eit nordisk land eller tilsvarande, og greidd opptaksprøve ved masterstudiet. Det krevst gode engelskkunnskapar. Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Sjå òg fellessida nofomaster.net.

Frå øyra til øyra, streng til streng,
frå strupe til strupe

Kontaktinfomasjon

  • Strengjarhaugen 6, 5700 Voss
  • Telefon: 56 51 65 00
  • Fax: 56 51 48 63

Postadresse

  • Ole Bull Akademiet
  • Postboks 443
  • 5703 Voss
Våre samarbeidspartnare:
Voss Kommune
Griegakademiet - Institutt for musikk
Kulturdepartementet
Hordaland Fylkeskommune