Det var fint å starte studieåret fysisk på Akademiet, m.a. med ein stor og flott bachelorgjeng (bildet)! Og det ser ut som dei trivst saman alt… Vi ser fram til eit år der studentane får vera meir saman her på huset, og spela meir saman – det er dei gode til!

Les meir

Fristen for å søkje på fellesstudiet Nordic Master in Folk Music med oppstart hausten 2021 var 15. januar. Neste opptak: 2023, med søknadsfrist i januar/februar. Har du bachelorutdanning i utøvande musikk, kan du søkje via Ole Bull Akademiet / Griegakademiet eller ein av dei tre andre nordiske samarbeidspartnarane. Studiet er ei unik reise gjennom fire…

Les meir

I dag, 4. desember 2020, er ein historisk dag på Ole Bull Akademiet: Vi avviklar to eksamenar som er dei første i sitt slag – deleksamenar på UiB sitt ordinære masterstudium i utøvande musikk, med folkemusikkstudentar! Til nå har vi berre hatt fellesstudiet Nordic Master in Folk Music som tilbod på masternivå, men nå har…

Les meir

Det er nå opna for søknad på utøvarstudiet vårt med studiestart hausten 2021! Frist 15. desember. Grunna den usikre situasjonen som koronapandemien fører med seg, er det gjort endringar i søknads- og opptaksprosessen. Oppdatert info for bachelorsøknad finn du HER, og for mastersøknad HER. Velkomen som søkjar!

Les meir

Årsmeldinga for Stiftinga Ole Bull Akademiet kan du nå laste ned frå denne sida. Her kan du lese om all verksemd ved akademiet, som kurs, utdanning, prosjekt, festival og instrumentverkstad.

Les meir

GRATIS LOKAL BARNESONGBOK PÅ NETT: Folkesongarane Linda Røyseth Sandhåland og Kjersti Møllerup Wiik har brukt koronatida til å gje ut barnesongboka «So sudla ho mor…» på nettet. Lokale barnesongar frå heile Nordhordland, Askøy og Øygarden er nedteikna og sunge inn på lydspor. 30 songar ligg no klare til nedlasting på nettstaden Strilakultur.no. Heilt gratis. Linda…

Les meir

Etter ein spesiell vår er det godt å koma i gang med ei vanleg studiesamling, med nye og «gamle» studentar! Og for første gong startar to studentar på Griegakademiets utøvande masterprogram med folkemusikk som fordjuping og Ole Bull Akademiet som «base» under heile masterstudiet.

Les meir

Osascena opnar opp at og ønskjer velkomen til vaskeekte konsert – heilt live, med publikum til stades i Osasalen! Det er eit svært begava brødrepar som gjenopnar konsertverksemda til Osascena: felespelar og Ole Bull Akademiet-ansatt Håkon Asheim (som gjesta Osascena med ein fantastisk solokonsert i 2019), og broren Nils Henrik Asheim, som er kjend som…

Les meir

Føredragskveld med Audun Myskja Voss Kulturhus, 21.1. kl 19.00 Grip denne sjansen til å høyre unike Audun Myskja! Før og etter føredraget hans vert det innslag med den fascinerande songaren Ruth Wilhelmine Meyer. Velkomen til ein kveld med aha-opplevingar, musikkopplevingar og inspirasjon for livet! Audun Myskja er lege, forskar, musikkterapeut, musikar og ein svært ettertrakta…

Les meir