Barnesongbok på nett

GRATIS LOKAL BARNESONGBOK PÅ NETT:

Folkesongarane Linda Røyseth Sandhåland og Kjersti Møllerup Wiik har brukt koronatida til å gje ut barnesongboka «So sudla ho mor…» på nettet. Lokale barnesongar frå heile Nordhordland, Askøy og Øygarden er nedteikna og sunge inn på lydspor. 30 songar ligg no klare til nedlasting på nettstaden Strilakultur.no. Heilt gratis. Linda er tidlegare student på Ole Bull Akademiet, og hadde Kjersti som songlærar på studiet.

«Vi håpar at skular, barnehagar og heimar tek i bruk denne ressursen» seier Linda Røyseth Sandhåland i ei pressemelding. «Dette er songar dei færraste kjenner til i dag. Gjennom fleire hundre år har songane vore ein del av kulturtradisjonen vår og vore brukt aktivt. I 1960-70-talet gjekk vi over til å bli meir passive konsumentar. Ulike generasjonar budde ikkje lengre under same tak. Vi kunne spele plater, kassettar og etter kvart CD-ar. Formidlinga mellom ættledda stoppa opp. Strukturar i samfunnet var i stor endring.»

«På nettet er kunnskapen eit tastetrykk unna. Boka er gratis å bruka. Så no har ein kort og godt inga orsaking for ikkje å lære seg og oppleve sin lokale barnesongtradisjon. Ein kan skrive ut tekstar og informasjon til bruk i undervisningssamanheng.  Det er spelt inn lydeksempel på alle songane. Fløytist Laila Kolve og gitarist Bjørn Schille er med på ein del av lydspora. Elevar i Alver kulturskule har vore med og illustrert ein del av songane», seier Kjersti Wiik.

Boka er fullfinansiert ved hjelp av Vestland fylkeskommune, Alver kommune og ikkje minst  ved tilskot frå Minnefond etter Bygdelaget Nordhordlendingen i Bergen, stifta av Arne Bjørndal.

«Det neste steget er å få lært opp ein del tradisjonsbærarar av den lokale songtradisjonen. Vi vil utvikle formidlarar som kan turnere/jobbe med opplæring i skule- og barnehagar. Vi ynskjer difor å kome i kontakt med pedagogar og kulturinteresserte som vil gjera ein jobb innan vidareformidling til born. Pedagogar som allereie er i skulane og barnehagane, samt andre interesserte må gjerne ta kontakt. Det vil verta arrangert kurs, og ein vil koma inn i eit ordna opplegg», seier Sandhåland. «Som bærarar av ein kulturarv har ein rikeleg å gjera med å dela sin kunnskap med andre», avsluttar Wiik.