Konsertkveld i Osasalen med Håkon Asheim og Nils Henrik Asheim

Osascena opnar opp at og ønskjer velkomen til vaskeekte konsert – heilt live, med publikum til stades i Osasalen!

Det er eit svært begava brødrepar som gjenopnar konsertverksemda til Osascena: felespelar og Ole Bull Akademiet-ansatt Håkon Asheim (som gjesta Osascena med ein fantastisk solokonsert i 2019), og broren Nils Henrik Asheim, som er kjend som ein framifrå komponist, pianist og organist. Delar av konserten byggjer på prosjektet «Crossing Grieg», som dei framførte for fyrste gong under Stavanger Kammermusikkfestival i 2008. Med hardingfele og piano bearbeidar brødrene Edvard Grieg sine folkemusikalske eksperimenter. Ein respektfull de-komponering og poetisk re-montasje av ein stor musikalsk arv. Hardingfela støtter varsomt opp om klangbildet til Grieg, og pianoet lar seg lede inn i nye taktar av hardingfela sitt rytmiske driv.

Dette vert ein storslått og intim konsertoppleving – den perfekte oppstarten etter eit langt opphald i konsertverksemda. Me gler oss!

SMITTERVERN OG KJØP AV BILLETTAR
Konserten skjer i tråd med retningslinjer frå Folkehelseinstituttet for å hindre smitte av viruset. Max antal publikummarar 50 med minimum ein meters avtand mellom folk som ikkje er del av same husstand.

Me sel kun 50 billettar til denne konserten, så det er ekstra viktig å vera tidleg ute med å kjøpa billett. På grunn av smittevern vert det ikkje billettsal i døra, kun førehandssal på Ticketco.

Du kan kjøpe billettar her

Til dei som har kjøpt sesongkort for våren 2020: Det er fullt mogleg å bruke sesongkort for våren 2020 eller fribillettar de har fått pga. tidlegare avlyse konsertar. Men då MÅ de kontakte oss på tlf 47 25 96 70 eller e-post post@osafestivalen.no slik at de får ein promokode og kan laste ned ein fribillett til denne konserten. Dette på grunn av maxgrense på antal publikummarar i salen. Førstemann til mølla-prinsippet gjeld.