Musikkens kraft

Føredragskveld med Audun Myskja

Voss Kulturhus, 21.1. kl 19.00

Grip denne sjansen til å høyre unike Audun Myskja! Før og etter føredraget hans vert det innslag med den fascinerande songaren Ruth Wilhelmine Meyer. Velkomen til ein kveld med aha-opplevingar, musikkopplevingar og inspirasjon for livet!

Audun Myskja er lege, forskar, musikkterapeut, musikar og ein svært ettertrakta føredragshaldar. Han leier Senter for livshjelp, og har rettleia ei rekke prosjekt for kvalitetsbetring i helsevesenet i inn- og utland. Sommaren 2019 ga han ut CD-en «Lazarus, rise!», 14 songar med tema: det som ligg dødt i oss, men kan få liv att. I føredraga sine inspirerer han ved å bruke konkrete eksempel og forklare til dømes musikkens verknad på hjernen, og på menneske med demens. Tidsskriftet Mat og helse skriv: «Har du vært på foredrag med Audun Myskja, glemmer du det aldri.»

Ruth Wilhelmine Meyer har eit uvanleg stort spenn som songar, både når det gjeld register, stemmeklang og uttrykk. Med inspirasjon frå svært ulike songtradisjonar frå fleire kantar av verda har ho utvikla eit songuttrykk som er utan ord, men likevel forteljande. Som kurshaldar er ho ein populær gjest på Ole Bull Akademiet. Hausten 2019 medverka ho på ein liknande føredragskveld med Audun Myskja i Stavanger domkyrkje.

Arr.: Ole Bull Akademiet /Voss Bibliotek
Billettar kr 200,- på Vosskulturhus.no og i døra. Studentar gratis

Foto: Knut Utler