Laurdag 30. mars er det open familiedag på Ole Bull Akademiet! Ta med familien eller kom åleine, bli med på aktivitetar, høyr konsert, føredrag – eller berre gå rundt for å sjå, eller set deg i kafeen! (Foto: Ingerid Jordal)

Velkomen til open dag på Ole Bull Akademiet! Vi har blåst støv av gamle instrumentskattar og inviterer alle – store og små – til musikk, fagleg påfyll, leik og moro for heile familien!

Vi har gratis inngang og kafé!

Kl. 12-14.30: Bli med på oppdagingsferd på Ole Bull Akademiet og finn alle aktivitetsstasjonane:

– Prøv deg som felemakar i felemakeriet! Møt felemakar, Wiebke, og sjå korleis ei hardingfele blir til. Wiebke har masse rare verktøy og både uferdige og ferdige hardingfelar i verkstaden sin. Det er lite plass i felemakeriet – her er det førstemann til mølla. Stasjonen er ope frå 12-14. Kom tidlig for å sikre deg plass!

– Bli med på lynkurs i fløytespel med Steinar Ofsdal. Steinar spelar kjente og minde kjente melodiar på seljefløyta si, og han deler gjerne ut fløyter til dei som vil prøve! Steinar har så mange rare instrument på kontoret sitt. Kan du namnet på alle?

– Har du prøvd å danse halling? I dansestovo vår lærer du dei tøffaste hallingkasta!

– Bli toradarspelar på 6 minutt: Har du lyst til å prøva å spela toradar? Korleis fungerar dette instrumentet eigentleg? Rannveig Djønne og medhjelparar held lynkurs der du får prøva ein toradar, og har me flaks så kjem du til å læra ein heil vals! Du lærer litt om kvar ein spelar melodien på toradaren, litt om bassknappane og sjølvsagt den mystiske og veldig viktige luftknappen!

kl. 12.15: Speedspringar i Osasalen

kl. 12.30 og 13.30: Forteljarstund og leik med Astrid Sudmann.

Kl. 12.30, 13.30 og 14.00: Songstund med Kari Finne Sognnæs

– Arne Anderdal har funne fram gamle feleskattar i magasina våre! Han og Håkon Asheim har dei gode historiene på hardingfelestasjonen vår! Alle som har lyst, får prøvespele!

kl. 12.30: Musikalske innslag v/ FARANDI i Ole Bull Caféen! Bli kjent med Farandi og sjå nærare på instrumenta dei spelar på kl. 12-14.

Kl. 13.00 : Kva er folkemusikk? Rektor ved Ole Bull Akademiet, Jo Asgeir Lie, tek deg med på ei musikalsk reise gjennom folkemusikkhistoria med herlege musikalske drypp undervegs. Høver for vaksne/ungdom.

Kl. 14.00: Omvising i felemakeriet. I felemakeriet vårt er det ikkje så god plass – kom tidleg for å sikre deg plass!

Kl. 14.30: Familiekonserten «Kom bli med» i Osasalen

Duoen Djønne&Børsheim har invitert med seg dansarane Magni Rosvold og Torkjell Lunde Børsheim og har laga ei spesialførestilling til den opne dagen på Ole Bull Akademiet. Her får du vera med på både å syngja og dansa, samt sjå og høyre flott folkemusikk og follkedans. Kom bli med!

Førestillinga varar i om lag 45 minutt.

Medverkande:
Magni Rosvold: Dans
Torkjell Lunde Børsheim: Dans
Annlaug Børsheim: song, gitar og hardingfele
Rannveig Djønne: song og toradar

Eigne billettar til familiekonserten i Osasalen:
Kr. 50,-/pers./ 200,-/familie (2+3-4) Kort og kontant. Førehandssal på www.ticketco.no
Familiekonserten er støtta av: Voss Veksel- og Landmandsbank ASA & Rådet for Folkemusikk & Folkedans

kl 16.00 og 19.00: Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater presenterer, i samarbeid med Voss Folkemusikkscene: «Nattergalen og rosen» av Oscar Wilde. Med levande musikk av Knut Hamre. Forteljar Einar Mjølsnes. Høver for vaksne/ungdom. Berre 20 plassar pr. framsyning.
Førehandssal/reservasjon:
Wiebke Lüders tlf. 40 09 43 96
E-post: wiebke.lueders@univie.ac.at
www.fiddlesticksteater.org

Arrangør: Ole Bull Akademiet, Osafestivalen, Hardingfela.no og Voss spelemannslag