Fristen for å søkje på fellesstudiet Nordic Master in Folk Music med oppstart hausten 2021 var 15. januar. Neste opptak: 2023, med søknadsfrist i januar/februar.

Har du bachelorutdanning i utøvande musikk, kan du søkje via Ole Bull Akademiet / Griegakademiet eller ein av dei tre andre nordiske samarbeidspartnarane. Studiet er ei unik reise gjennom fire nordiske land, med fokus på eiga utvikling som folkemusikar og samspel på tvers av grenser.

Grunna den usikre situasjonen som koronapandemien fører med seg, har Griegakademiet – Institutt for musikk gjort endringar i søknadsprosessen for 2021. Les meir her: https://www.uib.no/grieg/24349/nordic-master-folk-music#opptaksprosessen

Meir info om studieprogrammet her: https://www.nofomaster.net/