Praktisk informasjon til studentar

seminar-lien-3

Opphald

På Ole Bull Akademiet bur du på to- eller tresengsrom.  Kvart rom har bad og har sengekle og handkle (skifte onsdag). Innkvarteringsliste sendt frå OBA i førekant, må returnerast seinast måndag i veka før saman med mattinginga.

Det er diverre ikkje tillate med hund på akademiet.

Parkering skjer på offentleg plass utanfor akademiet. Betaling på parkeringsautomat (kr 40,- per døgn/kr 15,- per time – OBS! Aktive parkeringsvakter)

NB! INNKVARTERING PÅ AKADEMIET KAN SKJE ETTER KL. 21.00 SUNDAG KVELD. FOR STUDENTAR FRÅ BERGEN ER DET INNKVARTERING ETTER KL. 07.30 MÅNDAG MORGON.  KURSET VERT AVSLUTTA FREDAG KL 12:00.

Mat

Alle måltid kan tingast via din skule SEINAST MÅNDAG i veka før du kjem og er bindande. Det inkluderer  frukost, lunsj(matpakke) og middag (ikkje fredag). I tillegg enkel kveldsmat måndag, tysdag og torsdag.

Maten kostar kr 700,- og skal betalast i akademiet sin resepsjon i løpet av opphaldet.

Har du cøliaki, gluten- eller laktoseintoleranse, evt vegetar, må me få beskjed om det på førehand. Dei som leverer maten har diverre IKKJE mulegheit til å servera anna spesialmat.

Ver og føre

Voss har ofte variert ver. Ta med varme kle, regnkle og gode utesko. Vi har tur til Voss Folkemuseum med omvising i gamle hus der det ofte er ganske kaldt.

Danseundervisning

Kurset inneheld ein god del dans. Ta med sko som er gode å danse i, innesko med glatt såle og ikkje for høge hælar.  (NB! Ikkje sko som gir svarte merke på golvet). Du blir varm i dansetimane, så du treng sikkert nokre ekstra T-skjorter, evt. treningskle. Det er 5-6 danseøkter i løpet av veka.

Huskonsert

Kurset har på torsdag kveld kveldssete, som inneheld huskonsert, stevtevling og dans. På huskonserten framfører studentane sin eigen musikk for kvarandre. Ta med instrument og notar om du treng det til denne konserten.

Øvingsrom

Det er fleire øvingspiano på huset, to av desse av god kvalitet (eitt akustisk og eitt elektronisk). Konsertflygelet kan diverre ikkje nyttast til øving.

Butikk

Vi har eigen butikk med div. artiklar for sal; CD, folkemusikklitteratur, hardingfelestrenger, feleskrin m.m.

-       Seljefløyte (F) (Magnar Storbekken) kr 360,-

-       Vårfløyte (D) (Steinar Ofsdal) kr 900,-

-       Munnharpe (G) kr 350,-

Kontaktadresser

Telefon til Ole Bull Akademiet er 56 51 65 00.  E-post: oba@olebull.no  Kontaktpersonar er Sissel Lie eller Jo Asgeir Lie.


Vi vonar du får ei hyggeleg og lærerik veke på Voss!

VEL MØTT!

Beste helsing

Ole Bull Akademiet